Hjeltnes kompetansesenter

Hjeltnes kompetansesenter er ei avdeling ved Hjeltnes vidaregåande skule, med ansvar for kurs- og oppdragsverksemd, fagskule og vaksenopplæring.
Kompetansesenteret starta opp i 1996, under namnet Grønt kompetansesenter, og har gjennom åra vore med på mykje. 
Dei siste åra har vi arbeidd med fagskule og vaksenopplæring. Hausten 2009 starta vi opp gartnarutdanning på deltid, over 2 år. Vi jobbar med fleire slike kurs, så er du interessert, sjå meir under studieretningar, vaksenopplæring.
Vi startar hausten 2010 opp Arboristfagutdanning, første kurset for Hjeltnes og det første i landet!
Sjå meir under studieretningar, fagskule.  

Det har vore noko mindre av korte kurs - men det kjem fleire. Følg med på vår kursoversikt!
 

 

Kurs: 

Hjeltnesdagane

er årlege fagdagar for gartnerinæringa.
Hjeltnesdagane har vore arrangert gjennom over 20 år, i samarbeid med Veksthusringen og Hordaland Gartnarlag.
Dagane vert arrangert i november kvart år.

 

Anleggsgartnardagane

er årlege fagdagar for anleggsgartnarnæringa, både ansatte i kommunar og i anleggsgartnarfirma.
Dagane vert arrangert i februar.

 

Døme på andre kurs:

- autorisasjonskurs plantevern
- beskjering av buskar og tre
- grøntkurs for vaktmeistrar
- grøne aktivitetar, grøntkurs for aktivitørar innan helsesektoren
- foredling av frukt og bær
 

Oppdrag:

Det kan vera aktuelt for kompetansesenteret og skulen å gjennomføra ulike prosjekt på oppdrag. Ta kontakt med oss.

 

Døme på tidlegare oppdrag:

- samling / genbank med gamle eplesortar
- planting av sommerblomar i Ulvik sentrum
- planlegging av uteareal
- guideprosjekt ved Hjeltnes
- Instruksjonsvideo; plommer og moreller
- konsulenttjeneste for Det Norske Hageselskap, sjå link: www.hageselskapet.no/portal/page

 

 

 

Kontakt oss:

post.hgs@post.hfk.no