02.02.2012
Dei første arboriststudentane våre er ferdige våren 2012 og det vert
nytt opptak til til arboriststudiet ved Hjeltnes fagskule med søknadsfrist 15. april 2012.
Her er ein artikkel om kvifor nettopp du bør søkja på denne utdanninga.
Vi har intervjua Per Andrers Hammarström som er student på fagskuleutdanning Arborist ved Hjeltnes vgs. Han starta på si utdanning hausten 2010 og er ferdig no til våren 2012. Vi har tatt ein prat med han og spurt kvifor han har vald denne utdanninga.
Han fortel oss at dette er eit veldig interessant studie som passar han bra. Teori og praksis går hand i hand. Fyrste skuleår var det 10 vekesamlingar på skulen og 5 veker praksis i bedrift. Dette skuleåret er det 9 veker på skule og 7 veker i bedrift. For å kome inn på studiet må du ha fullført utdanning som anleggsgartnar, gartnar, agronom, skogsoperatør, studieførebuande naturbruk eller tilsvarande.

Praksis har han fått både i Oslo, i Bergen , på Voss, i Rosendal og i Ulvik.
Kompetansen han opparbeidar seg er etterspurd. Både kommunar og private firma har behov for arboristar. Mange kaller arboristane for tredoktor. Det er ein god beskriving, for ein arborist har all teori som trengs for å vere rådgjevar for kommuner og privat som har planar om å felle store tre, drive med trepleie av store tre, passe på røtene til store tre ved vegbygging eller husbygging.
Kva med klatring i tre? Det ser farleg ut å klatra i store tre og samtidig bruke motorsagen. Per fortel at dei lærer klatre- og sikringsteknikkar i teorien før dei trener på dette i praksis. Så dei er allereide godt trente på å ta ned store tre i seksjonar, ved bruk av vinsj eller kran.
Det vert ein dei treklatring der ein samstundes bruker motorsag oppe i trær, og då er det viktig å kunne bruke sikrings- og klatreutstyr. Han stoler på utstyret sitt, og det er alltid dobbel sikring.
Per Anders fortel vidare at det er eit stort behov for deira kompetanse i mange kommunar i Noreg, det gror fort til og veks att både her og der. Typiske arbeidsoppgåver for ein arborist kan vera graveprosessar, transport av store tre, sikring av røter osb. Det er og etterspurnad etter kompetanse og rådgjevarar. Så det kan vera aktuelt å vera kommunalt ansatt eller ansatt i eit privat firma.
70 % av arbeidet kan bestå i felling av tre, og dei resterande 30% er ofte trepleie, som pleie av trekroner osb.
10.05
VG2 Anlegg har hatt prøveeksamen 9. mai. Her er nokre bilete frå hendinga:
08.05
Me har intervjua to av elevane våre og spurt dei kvifor dei valde Vg1-naturbruk på vår skule.
26.04
Blomsterdekoratørane har hatt eit kunst-prosjekt og har dekorert parken vår med ulike installasjonar.